Trond Sæbø Skarpeteig, Solund kommune

Avkrysset

Ulike typer politikk:

Svar: • Her bør brukargruppa som har skoen på sjølv høyrast. I ei slik høyring bør heile livslinja frå graviditet til 24 år vere med, med ulike naturlege hendingar med (SIFO)-kostnader i livsløpet takast med. T.d.: Vil du (særskilt i distrikts-Norge) klare å betale hybelopphald under barna sine utdanningar, med Lånekassen si begrensa støtte? Vil du kunne ha 3 barn i SFO/barnehage samstundes? Vil du kunne klare eigenandelen på naudsynt tannregulering på fleire born?
• Universelle, gratis/subsidierte tilbod på heile oppvekstarenaen er antakeleg det beste. I kombo med kontantytingar retta mot dei som treng det mest, helst utan at dei treng søkje. Evt. at dokumenterte familieutgifter lar seg avskrive via skatteordninga t.d.
• Igjen: Bruk ordningar som har dokumentert effekt på lang sikt. Og ha gjerne ei statleg ressursside, der fylkeskommunar og kommunar kan velje i godt dokumenterte, supplerande ordningar.

Prioritering av sektorområder:

Svar: Å sikre at totalinntekta til forsørger(e) er høg nok til eit jamlikt, ordinært liv.

Fordeling av ansvar og tiltak på ulike forvaltningsnivå

Svar: Ja. Slik det er no, er støtteordningane som siloer, der regelverka ikkje er sett i samanheng, og til tider sparker nokon av reglane bein under andre ordningar sine regelverk. Det MÅ vere ein samanheng i regelverk og inntektsgrenser til dei ulike ordningane. Og, fyrstekontakten til familien som ber om hjelp, må vere den som er los vidare til andre støtteordningar. Det betyr at alle forvaltningsnivå må ha god kunnskap om andre støtteordningar, og sørge for god, felles info. Sårbare familiar vil ikkje ha overskudd til å leite i systema, særskilt om ein ikkje har kjennskap til systema i utgangspunktet. Eller om ein har sjukdomsbyrde i familien. Det må gjerne ligge eit krav/heimel til grunn.

Rett politikk til rett tid

Svar: SIFO gjev eit visst kunnskapsgrunnlag for når utgifter til barnefamilien er størst/lågast, og kan vere ein av fleire ulike indikatorar. Slik det er no gis det større barnetrygd i dei tidlegaste barneåra, medan SIFO viser til aukande kostnad fram mot ungdomsåra. Samstundes kan det og tenkjast at dei eldste barna vil vere hardast råka av barnefattigdom, der vi veit ungdom bevisst unnlet å spørje om deltaking på aktivitetar, om dei veit det er dårleg familieøkonomi. Dette skaper igjen utanforskap.

Overordna har vel WHO over tid framheva at utdanning er svaret på mykje. Barna setjast ikkje berre i stand til å ta gode helseval, men og til å oppnå ein inntekt å leve av. Det er derfor truleg at støtte som sikrar ein god og gratis skulegong er eit stort og viktig moment. Her er det svært mykje bra gjort, men framleis er den ikkje heilt gratis i distrikta særskilt, mtp udekka ekstrakostnad til hybel for dei som ikkje har anna val. Verkemiddel er t.d. auka stipend eller regionale hybelhus som ein del av skuletilbodet.

Dei som ikkje vil klare ein vanleg skule- og arbeidsgang må og sikrast ein meiningsfull og likeverdig oppvekst, med deltaking på deira vilkår.

Staten har og ei mogelegheit til å redusere ein av dei største utgiftspostane til barnefamiliar, med universelle tiltak som reduksjon/0 i t.d. mva på sunne matvarer. Dette gir ein dobbel gevinst.

Grupper av barn og familier:

Svar: Ikkje alle kommunar/bydelar har like utfordringar. Inntekta til forsørgere/familie er den som bør styre. Ikkje status åleine, som einsleg/innvandrer etc.

Men, ikkje-økonomiske verkemiddel bør kombinerast med økonomiske, for å kome i mål med m.a. deltaking (i fritidsaktivitetar). I og med at vi veit at familien sitt engasjement/haldning er vel så avgjerande som økonomi, for deltaking. Det betyr at også tiltaka som er direkte mot barn i fattige familiar, også må anbefalast sjåast i samanheng med andre tiltak.

Generelle innspill:

Ekspertgruppen ønsker innspill på problemstillinger eller perspektiver som anses som viktige for å bedre forholdene for barn i fattige familier på kort og lang sikt, i tillegg til innspill rundt de konkrete vurderingene ekspertgruppen har i mandat og vurdere under.

Svar: • Statlege, fylkeskommunale og kommunale ordningar bør ha same «fattigdomsgrense» for støtteordningane. Slik det er no opererer Lånekassen, NAV sentralt og lokalt, Husbanken osv. med ulike inntektsgrenser og regelsett som set noko av ordningane opp mot kvarandre. Desse verkar å ikkje gå/justerast i takt med samfunnsutviklinga. Ei slik grense bør og vurderast ut frå reelle samfunnsforhold: Er det mogeleg å ha eit levbart liv på ei slik minstegrense? Særskilt mtp. utjamning av sosial ulikskap. Kan hende grensa bør endrast i takt med barnets alder/familien sin situasjon
• Her burde det vore eit krav til (kunnskapsbasert) dokumentasjon, på at tiltaka (ordningane) er effektive (nok), slik krava i folkehelsa er innan 2027. Slik vil tiltaka ha fagleg tyngde og politikarane ha ein reell valmogelegheit – sidan det er dei som styrer val av ordningane.
• Fattige familiar med barn vil ofte ha same økonomiske byrde, uavhengig av antal forsørgarar. Utgiftene til ein familie/husstand vil vere bortimot uendra dersom ei forsørgarinntekt til familien barna bur i, fell vekk. Bustaden, og bortimot dei same livopphaldutgiftene består ofte, medan dei som sit att med barna vert vurdert på nokre regelsett i ordningane. Dette gjev rom for urett. M.a. er kravet til inntekt mindre for ein, enn for to. Her har jo staten via Husbanken i tillegg ei satsing på å eige (bustad), framfor leige. Men er det praktisk mogeleg når ein vert åleine?
• Familiar gjev ofte attendemelding om at dei helst vil klare seg sjølve, ikkje støtte via støttefond etc. I det høvet er levbar minsteløn og heiltidsstillingar nemnde. Ordningar som beløner arbeidslivet slike gode verkemiddel burde etablerast (som t.d. reduksjon i arbeidsgivaravgift etc). Truleg er kostnadane langt lågare enn den positive spill over-effekten den vil utløyse.
• Ein vil kunne sjå utfordringane godt om ein la opp rapporten etter eit livsløp frå graviditet til 24 år. Der ein både ser parallelt på inntekt vs kostnader i «standardforløpet», og i tillegg gjer greie for konsekvensar av ulike livssituasjoner som gjev utslag på økonomien.