Avkrysset
Ulike typer politikk:
- Hvordan prioritere mellom kontantytelser og
tjenester? - Hvordan prioritere blant
ulike universelle velferdstjenester? - Hvilke behovsprøvde eller målrettede
ordninger som det eventuelt bør satses på i tillegg?
Svar: For å løfte familiar ut av fattigdom er det viktig at arbeidslinja vert oppretthalden, og det vert gjeve tiltak for løfte dette arbeidet. Varig tilknyting til arbeidslivet er det som gjev størst effekt for å løfte familiar ut av fattigdom. Då treng vi tilrettelagde utdanningsløp og tiltak som kan støtte dette arbeidet.
Vi treng kontantytingar til dei som ikkje er i stand til å arbeide for ein lengre eller kortare periode. Desse ytingane bør vere behovsprøvde, og ytingane må ta omsyn til generell kostnadsauke i samfunnet. Nivået på ytingane må ligge på eit nivå som sikrar barn og unge ein god barndom.
Det er viktig at bibliotek, leikeområde, utlån av utstyr til aktivitet etc. er tilgjengeleg for alle og at det er godt informert om dette. Barnehage og SFO burde vore gratis, slik skule er det. I realiteten er «alle» barn deltakarar i barnehage og SFO. Om dette hadde vore gratis hadde tilbodet nådd ut til alle og ein trong ikkje søkje om kontantytingar etc, som er stigmatiserande og skaper ulikskap.
Universelle tenester er sjølvsagt best for alle, men vil ha ein høg kostnad samla.
Prioritering av sektorområder:
- På hvilke områder er offentlige tiltak for barn i fattige familier viktigst?
Svar: Helsestasjonen si viktige rolle med kompetanse til å sjå kva familiar som treng ekstra oppfølging. Grunnleggande rettleiing til foreldra og eit viktig lågterskeltilbod.
Barnehage og skule/SFO når alle born. Pedagogar og andre tilsette er ein (for lite?) nytta ressurs i høve rettleiing og samarbeid med heimane.
Viktig med gratis kjernetid og moglegheit for å søke moderasjon i barnehage og SFO, ulempa er saksbehandling og byråkrati.
Bustadpolitikk, sikre alle ein trygg bustad, redusere flyttingar som medfører skifte av bumiljø.
Sett frå NAV si side er det viktigaste at familiane får moglegheit til på bli inkludert i arbeidslivet, slik at dei unngår å hamne under fattigdomsgrensa. NAV veit at fattigdom går i generasjonar, og gjennom å hjelpe personar ut av utanforskap driv en førebygging for komande generasjonar.
Kultur: Kulturskule kunne vore rimelegare eller gratis for dei som tek del på det. Slik ordninga er i dag er det ulikt kva det kostar i kommunane og barn frå fattige familiar får ikkje tilgong til tilbodet.
Idrett: I staden for tungvinte ordningar der ein må søke midlar kunne idrettslag etc få tilskot etter tal medlemmar slik at tilbodet vert rimelegare for alle. Kanskje kunne laget premierast også for å ha gode ordningar for gjenbruk av utstyr etc, slik at utgiftene til dette kunne reduserast.
Deltaking i fritidsaktivitetar er viktig for sosial inkludering og oppleving av meistring. Vi veit at mange barn sluttar når faktura for kontingent kjem. Samtidig opplever vi at leiarar i frivilligheita gjer mykje for at desse borna likevel skal få halde fram.
Fordeling av ansvar og tiltak på ulike forvaltningsnivå
- Bør det gjøres endringer i hvordan oppgaver og ansvar for barn i fattige familier er fordelt mellom ulike forvaltningsnivåer, og i så tilfelle hvilke?
Svar: Det er ok at ansvar for økonomiske stønader ligg hjå Nav, viktig med gode og lett tilgjengelege ordningar for økonomisk rådgiving særleg med fokus på småbarnsfamiliar. Viktig å ha fokus på at foreldre kjem seg i arbeid og at det vert godt tilrettelagt i høve dette. Her kan det gjerne fokuserast på kvinner i innvandringsfamiliar/flyktingefamiliar.
Det viktige er at vi er gode på tverrsektorielt samarbeid, og ei forbetring kan vere å bryte ned nokre hindringar som gjer at samarbeidet ikkje vert optimalt. Samtidig innsats er ofte ein nøkkel. Det er krevjande å vere gode foreldre som gjer kloke prioriteringar når ein ikkje får arbeid, må flytte til ny leigd bustad og inkassokrava ligg i postkassa. NAV har fått eit ansvar i høve barneperspektivet, men koplinga til bustadkontor og kommunalt økonomikontor (ubetalt barnehage og/eller husleige) er hindra av teieplikt.
Rett politikk til rett tid
- Hvilke perioder i oppveksten er behovet for gode tiltak størst, og hvilke tiltak virker best når
Svar: Dei 1000 første dagane legg grunnlag for all seinare utvikling. Forsking viser at dess tidlegare ein kjem inn med gode tiltak, dess betre førebyggjande effekt har det.
Det er naudsynt at det er gode økonomiske ordningar for foreldrepermisjon, at jordmor/helsestasjon er lett tilgjengeleg.
Sikre overgongane mellom barnehage og skule, barneskule og ungdomskule.
Overgong til vidaregåande er sårbar, like eins at den unge vaksne etter vidaregåande opplever at dei har ein plass i samfunnet, opplever meistring og at dei bidreg.
Grupper av barn og familier:
- Bør ressursinnsatsen i større grad enn i dag målrettes mot spesifikke grupper barn og unge eller områder, for eksempel mot barn av enslige forsørgere eller fra familier med innvandrerbakgrunn, eller mot områder med stor andel barn i lavinntekstsfamilier?
Svar: Slik barnevernet ser det er det viktig med mest mogleg universelle ordningar. Det er også viktig med god rettleiing i forhold til låginntektsfamiliar i høve det å søke hjelp og å prioritere barna i familiar med knappe ressursar.
Økonomisk sosialhjelp går i stor grad til flyktningane i våre kommunar. Skal ein målrette innsatsen, vil gode tiltak inn mot denne gruppa ha stor effekt på tal fattige familiar. Det er viktig med gode kvalifiserande tiltak, og god språkopplæring for denne gruppa.
Generelle innspill:
Ekspertgruppen ønsker innspill på problemstillinger eller perspektiver som anses som viktige for å bedre forholdene for barn i fattige familier på kort og lang sikt, i tillegg til innspill rundt de konkrete vurderingene ekspertgruppen har i mandat og vurdere under.
Svar: Tiltak som feriemoro/ sommarmoro, og andre organiserte ferie og fritidsaktivitetar utan kostnad bør halde fram og gjerne styrkast. Det å gi positivt innhald med gode opplevingar i feriar er viktig for alle barn, og vi har hatt god oppslutning på desse tiltaka i vår kommune. Særleg barn frå flyktningfamiliar er med.
Barnehage og skule når alle barn, og samarbeid med heimane er svært viktig. Trygge vaksne er viktige for alle, men mest for dei svakaste. Det å vekse opp med fattigdom aukar risiko for økonomiske og helsemessige utfordringar seinare i livet.
Skulevegring og fråfall er eit aukande problem, og som vår leiande fysioterapeut seier: Det første ein dett ut av er gym! Gym er eit prestasjonsfag der mange kjenner seg ekskludert tidleg i skulealder. Gym (fysiskaktivitet) er viktig, men her trengst det nytenking og vektlegging av innsats og aktivitet.
Krevjande for kommunane å flytte ressursar frå barn/unge til eldre og sjuke, som eit resultat av den demografiske utviklinga. Gode og inkluderande oppveksmiljø/lokalsamfunn er viktigare enn nokon gong. Vi treng alle!